Fjordkonferanse

Borgøy er ei lita, sjarmerande øy som gir ei ideell ramme for seminar- og kursarbeid. Det å vera omkransa av sjø på alle kantar gir harmoni og ro i sjela, og hjelper deg til å fokusera på arbeidsoppgåva.
Her får du "låne" ei eiga verd, for ein ettermiddag, eit døgn og to, eller for nokre timar. Ta sjansen, og bruk alle dei godene som Borgøy byr på.

Uansett kva årstid du vel å komma til Borgøy på, får du eit magisk møte med ein spanande plass. Eventyret startar når du går om bord i båten, som i løpet av fem minutt tar deg over til Hattarvågen på Borgøy.
Sjøen er også utgangspunkt for fleire av aktivitetane som Borgøy Fjord Konferanse tilbyr under eit slikt opphald. Det same kan også seiast å gjelda namnet: Ringnotsnurparen "Borgøyfjord" var ein gong ein av sju fiskebruk som høyrde til Borgøy. Verksemda på kaien i Hattarvågen fekk sin start frå endeliket til "Borgøyfjord".
Nye moderne overnattingsfasilitetar står i kontrast til eit kurslokale som framviser nostalgi og sjarm frå tida med aktivt fiske. Borgøy er ei sjøbygd som har greidd å bevare litt av sjarmen rundt det tradisjonelle fiskelivet. Dette vil du oppleve når du tar turen hit.

Velkommen til oss!


 

BORGØY FJORD KONFERANSE | 5566 HERVIK | TLF: 52 77 78 30 | E-POST: AASHILD@BORGOY.NO